Studentmållaget i Oslo

Her er du: StudentmÃ¥llaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Brevet til hebræarane

Brevet til hebræarane

1. kapitlet

1 Etter at Gud fordom hadde tala mange gonger og på mange måtar til federne gjenom profetarne, so hev han i desse siste dagar tala til oss gjenom Sonen.

2 Honom hev han sett til erving yver alle ting, og ved honom hev han og gjort verdi.

3 Han er avglansen av hans herlegdom og avbilætet av hans grunn-hått, og ber alle ting ved sitt veldes ord, og då han hadde gjort reinsing for synderne våre, sette han seg difor ved høgre handi åt Majestæten i det høge,

4 og han hev vorte so mykje hævare enn englarne som han hev ervt eit herlegare namn framfor deim.

5 For kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Du er son min, eg hev født deg i dag?» og atter: «Eg vil vera honom ein far, og han skal vera meg ein son.»

6 Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verdi, segjer han: «Og alle Guds englar skal tilbeda honom.»

7 Og um englarne segjer han: «Han som gjer englarne sine til vindar og tenarane sine til eldsloge;»

8 men um Sonen: «Din kongsstol, Gud, stend i all æva; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.

9 Du elska rettferd og hata urett; difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.»

10 Og: «Du, Herre, grunnfeste jordi frå upphavet, og himlarne er verk av dine hender;

11 dei skal forgangast, men du vert verande, og dei skal alle eldast som ein klædnad,

12 og som ei kåpa skal du rulla deim saman, og dei skal verta umskifte, men du er den same, og dine år skal ikkje få ende.»

13 Men kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel under dine føter?»

14 Er dei ikkje alle saman tenande ånder, som vert utsende til tenesta for deira skuld som skal erva frelsa?

2. kapitlet

1 Difor skal me so mykje meir agta på det me hev høyrt, so me ikkje skal driva undan.

2 For dersom det ord som var tala ved englar, stod fast, og kvar misgjerd og ulydnad mot det fekk si rettferdige løn,

3 kor skal då me sleppa undan, um me ikkje vyrder so stor ei frelsa? den som fyrst vart forkynt ved Herren og er komi vitnefast til oss ved deim som høyrde honom,

4 med di Gud vitna med både ved teikn og under og ymse kraftverk og tildeiling av den Heilage Ande etter sin vilje.

5 For det var ikkje under englar, han lagde den komande verdi som me talar um.

6 Men ein hev vitna ein stad og sagt: «Kva er eit menneskje, at du kjem det i hug, eller ein menneskjeson, at du ser til honom?

7 du gjorde honom lite lægre enn englarne; med herlegdom og æra krynte du honom og sette honom yver dei verk dine hender gjorde;

8 alle ting lagde du under hans føter.» For då han lagde alle ting under honom, so tok han ingen ting undan som ikkje er honom underlagd; men no ser me endå ikkje at alle ting er honom underlagde.

9 Men den som var gjord lite lægre enn englarne, Jesus, honom ser me, av di han leid dauden, krynt med herlegdom og æra, so han ved Guds nåde skulde smaka dauden for alle.

10 For det sømde seg honom som alt er til for, og som alt er til ved, då han førde mange born til herlegdom, ved lidingar å fullenda frelse-hovdingen deira.

11 For både den som helgar, og dei som vert helga, er alle av ein; difor skjemmest han ikkje ved å kalla deim brør,

12 når han segjer: «Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, eg vil lovsyngja deg midt i lyden;»

13 og atter: «Eg vil setja mi tru til honom;» og atter: «Sjå, her er eg og dei born Gud hev gjeve meg.»

14 Då no borni hev kjøt og blod saman, so vart han og på dilik måte samhavande deri, for at han ved dauden skulde gjera den til inkjes som hadde daudens velde, det er djevelen,

15 og fria ut alle deim som av rædsla for dauden var i trældom all si livstid.

16 For englar han tek seg då vel ikkje av, men Abrahams ætt tek han seg av.

17 Difor laut han verta brørne sine lik i alle ting, so han kunde verta ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud til å gjera soning for synderne åt folket.

18 For av di han sjølv hev lide og vore freista, so kann han koma deim til hjelp som vert freista.

3. kapitlet

1 Difor, heilage brør, som er luthavande i eit himmelsk kall! sjå på den apostel og øvsteprest som me kjennest ved, Jesus,

2 han som var tru mot den som gjorde honom dertil, liksom og Moses var i heile hans hus!

3 For denne er halden so mykje større æra verd enn Moses, som den som hev bygt huset, hev større æra enn huset sjølv.

4 Kvart hus er det einkvan som byggjer, men den som hev bygt alt, det er Gud.

5 Og Moses var vel tru i heile hans hus som ein tenar til å vitna um det som skulde verta tala,

6 men Kristus stend som son yver huset hans; og hans hus er me, so framt me held vårt frimod og den voni me rosar oss av, fast alt til enden.

7 Difor, som den Heilage Ande segjer: «I dag, um de høyrer hans røyst,

8 so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden på freistingsdagen i øydemarki,

9 der federne dykkar freista meg; dei prøvde meg, endå dei såg mine gjerningar i fyrti år.

10 Difor harmast eg på denne ætti og sagde: «Dei fer alltid vilt i hjarta;» men dei kjende ikkje mine vegar,

11 so eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila!»»

12 Sjå til, brør, at det ikkje i nokon av dykk skal vera eit vondt, vantruande hjarta, so han fell frå den livande Gud!

13 Men påminn kvarandre kvar dag, so lenge som det heiter: «i dag», so ikkje nokon av dykk skal verta forherd ved dåring av syndi!

14 For me hev fenge lut med Kristus, so framt me held vår fyrste fulle vissa fast til enden.

15 Når det vert sagt: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden,»

16 kven var då dei som høyrde og arga honom? Var det ikkje alle dei som gjekk ut or Egyptarland ved Moses?

17 Men kven var det han harmast på i fyrti år? var det ikkje på deim som hadde synda, so deira kroppar fall i øydemarki?

18 Og kven var det han svor um, at dei ikkje skulde koma inn til hans kvila, utan um deim som var vantruande?

19 So ser me då at dei ikkje kunde koma inn for vantru skuld.

4. kapitlet

1 Lat oss difor taka oss i vare for at nokon av dykk skal synast å verta standande etter, då ein lovnad um å koma inn til hans kvila endå stend att.

2 For fagnadbodet er og forkynt oss liksom hine; men deim gagna ikkje det ordet som dei høyrde, av di det ikkje ved trui var sameina med deim som høyrde det.

3 For me som er komne til trui, me gjeng inn til kvila etter det som han hev sagt: «So eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila,»» endå gjerningarne var fullførde alt sidan verdi var grunnlagd.

4 For han hev ein stad sagt so um den sjuande dagen: «Og Gud kvilde den sjuande dagen frå alle sine gjerningar.»

5 Og atter på denne staden: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.»

6 DÃ¥ det soleis stend att, at nokre skal koma inn til henne, og dei som fyrst fekk fagnadbodet, ikkje kom inn for vantru skuld,

7 so set han atter ein dag: «i dag,» med di han segjer ved David etter so lang tid, som sagt er: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto!»

8 For dersom Josva hadde ført deim til kvila, so hadde han ikkje tala um ein annan dag deretter.

9 So stend det då att ei kviledagshelg for Guds folk.

10 For den som er komen inn til hans kvila, han hev og fenge kvila frå sine gjerningar liksom Gud frå sine.

11 Lat oss difor leggja vinn på å koma inn til den kvila, so ikkje nokon skal falla etter det same fyredøme på vantru.

12 For Guds ord er livande og kraftigt og kvassare enn noko tvieggja sverd, og trengjer seg igjenom til dess det kløyver sjæl og ånd, ledmot og merg, og dømer hjartans tankar og råder,

13 og ingen skapning er løynd for hans åsyn, men alt er nake og bert for hans augo som me hev å gjera med.

14 Sidan me då hev ein stor øvsteprest, som hev gjenge gjenom himlarne, Jesus, Guds Son, so lat oss halda fast på vedkjenningi!

15 For me hev ikkje ein øvsteprest som ikkje kann hava medynk med vår vesaldom, men ein som er røynd i alle ting i likning med oss, då utan synd.

16 Lat oss difor med frimod ganga fram for nådens kongsstol, so me kann få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid!

5. kapitlet

1 For kvar øvsteprest vert teken bland menneskje og vert innsett for menneskje til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slagtoffer for synder,

2 som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han og sjølv ligg under vesaldom,

3 og for den skuld lyt han bera fram syndoffer, liksom for folket, so og for seg sjølv.

4 Og ingen tek seg sjølv den æra til, men den som vert kalla av Gud liksom Aron.

5 So hev ikkje Kristus heller tillagt seg den æra å verta øvsteprest, men han som sagde til honom: «Du er min son, eg hev født deg i dag.»

6 Liksom han og segjer ein annan stad: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»

7 Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til honom som kunde frelsa honom frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,

8 og soleis lærde han, endå han var son, lydnad av det han leid;

9 og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle deim som lyder honom,

10 med di Gud kalla honom øvsteprest etter Melkisedeks vis.

11 Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, då de hev vorte seinføre til å høyra.

12 For de som etter tidi skulde vore lærarar, de treng atter til at ein lærer dykk dei fyrste grunnar i Guds ord; og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.

13 For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.

14 Men fast føda er for vaksne, for deim som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.

6. kapitlet

1 Difor vil me springa yver barnelærdomen um Kristus og skrida fram til det fullkomne, og ikkje atter leggja grunnvollen med umvending frå daude gjerningar og tru på Gud,

2 med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom.

3 Og dette vil me gjera, um Gud gjev lov til det.

4 For det er umogelegt at dei som ein gong er upplyste og hev smaka den himmelske gåva og fenge lut i den Heilage Ande

5 og smaka Guds gode ord og krafterne av den komande verdi

6 og so fell frå, atter kann uppnyast til umvending, sidan dei på nytt krossfester Guds son for seg og gjer honom til spott.

7 For den jordi som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber gagnleg grøda åt deim som ho vert dyrka for, ho fær velsigning av Gud;

8 men ber ho tornar og tistlar, so er ho udugleg og forbanning nær, og enden med henne er å verta brend.

9 Men um dykk, kjære vener, er me visse på det som betre er, og som høyrer til frelsa, um me og talar soleis.

10 For Gud er ikkje urettferdig, so han skulde gløyma dykkar verk og den kjærleiken som de hev synt for hans namn, med di de hev tent og endå tener dei heilage.

11 Men me ynskjer at kvar ein av dykk må syna den same ihuge for den fulle vissa i voni alt til enden,

12 so de ikkje skal verta seinføre, men fylgja etter deim som ved tru og tolmod erver lovnaderne.

13 For då Gud gav Abraham lovnaden, og han ingen større hadde å sverja ved, so svor han ved seg sjølv

14 og sagde: «Sanneleg, eg vil rikleg velsigna deg og gjera deg storleg mangfaldig.»

15 Og soleis vann han lovnaden, då han hadde venta med tolmod.

16 For menneskje sver ved ein større, og eiden er deim ein ende på all motsegn til stadfesting.

17 Difor lagde Gud ein eid til, då han enn meir vilde syna ervingarne til lovnaden kor ubrigdeleg hans vilje var,

18 so me ved tvo ubrigdelege ting, som Gud umogeleg kunde svika i, skulde hava ei sterk trøyst, me som flydde til å gripa den voni som ventar oss,

19 den me hev som eit anker for sjæli, eit som er trygt og fast og når inn um forhenget,

20 der Jesus gjekk inn som fyregangsmann for oss, med di han vart øvsteprest etter Melkisedeks vis til æveleg tid.

7. kapitlet

1 For denne Melkisedek, konge i Salem og den høgste Guds prest, han som gjekk Abraham til møtes då han kom att frå sin siger yver kongarne, og som velsigna honom,

2 som Abraham og gav tiend av alt; han som er, når hans namn vert utlagt, fyrst rettferds konge, dinæst og Salems konge, det er freds konge,

3 som er utan far, utan mor, utan ættartal, og som korkje hev dagars byrjing eller livs ende, men er gjord lik med Guds son: han vert prest for alltid.

4 Og sjå kor stor han er, som Abraham, patriarken, endå gav tiend av herfanget!

5 Og dei av Levi søner som fær prestedømet, hev påbod um å taka tiend etter lovi av folket, det er av sine brør, endå desse er komne or Abrahams lend.

6 Men denne, som ikkje reknar si ætt frå deim, han tok tiend av Abraham og velsigna den som hadde lovnaderne.

7 Men utan all motsegn er det den ringare som vert velsigna av den høgre.

8 Og her er det døyelege menneskje som tek tiend, men der ein som det vert vitna um at han liver.

9 Og um eg so må segja: Gjenom Abraham hev endå Levi, som tek tiend, sjølv gjeve tiend;

10 for han var endå i sin fars lend då Melkisedek gjekk honom til møtes.

11 Var det då fullkomenskap å vinna ved det levitiske prestedømet - for det var folket bunde til ved lovi - kvi turvest det då at ein annan prest skulde verta uppstelt etter Melkisedeks vis og ikkje verta nemnd etter Arons vis?

12 For når prestedømet vert umskift, vert det naudsynleg og eit umskifte med lovi.

13 For han som dette vert sagt um, høyrde til ei onnor ætt, og ingen av henne hev tent for altaret.

14 Det er kjent nok at vår Herre er upprunnen av Juda, og til den ætti hev ikkje Moses tala noko um prestar.

15 Og det er endå meir openbert, når ein annan prest vert uppstelt i likning med Melkisedek,

16 ein som ikkje hev vorte det etter eit kjøtlegt bods lov, men etter eit uforgjengelegt livs kraft.

17 For han vitnar: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»

18 For eit bod som fyrr galdt, vert avlyst, av di det var magtlaust og gagnlaust

19 - for lovi førde ingen ting fram til fullkomenskap - og ei betre von vert innførd, som me nærmar oss til Gud med.

20 Og so visst som det ikkje vart gjort utan eid

21 - for hine hev vorte prestar utan eid, men denne med eid ved den som segjer til honom: «Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis»» -

22 so visst er det ei hævare pakt som Jesus hev vorte borgsmann for.

23 Og hine prestarne hev vore fleire, då dei ved dauden vart hindra i å halda ved.

24 Men denne hev eit uforgjengelegt prestedøme, av di han vert verande til æveleg tid.

25 Difor kann han og fullkomleg frelsa deim som kjem til Gud ved honom, med di han liver alltid til å ganga i bøn for deim.

26 For me laut og hava ein sovoren øvsteprest som er heilag, uskuldig, rein, skild frå syndarar og upphøgd yver himlarne,

27 ein som ikkje dagleg treng til, som øvsteprestarne, å bera fram offer fyrst for sine eigne synder og so for synderne åt folket; for det gjorde han ein gong for alle då han ofra seg sjølv.

28 For lovi set til øvsteprestar menneskje som hev vesaldom; men den eids ord som kom etter lovi, set Sonen inn, han som er fullenda for all æva.

8. kapitlet

1 Men ei hovudsak i det som her vert sagt, er: Me hev ein sovoren øvsteprest som hev sett seg ved høgre sida åt kongsstolen til Majestæten i himlarne,

2 med presteleg tenesta i heilagdomen, det sanne tjeldet, som Herren hev reist og ikkje eit menneskje.

3 For kvar ein øvsteprest vert innsett til å bera fram både gåvor og slagtoffer; difor er det naudsynlegt at denne og hev noko som han kann bera fram.

4 For var han no på jordi, so var han ikkje ein gong prest; for det finst prestar som ber fram gåvorne etter lovi,

5 dei som tener ei likning og ein skugge av det himmelske, etter den fyreskrift Moses fekk då han skulde laga tjeldet; for han segjer: «Sjå til at du fær gjort alt etter det fyrebilætet som vart synt deg på fjellet!»

6 Men no hev han fenge so mykje betre prestetenesta, som det og er ei hævare pakt han er millommann for, med di ho er grunnlagd på hævare lovnader.

7 For hadde den fyrste vore ulastande, so var det ikkje søkt rom åt ei onnor.

8 For det er lastord han talar til deim når han segjer: «Sjå, det kjem dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,

9 ikkje etter den pakti som eg gjorde med federne deira den dagen då eg tok deim i handi og leide deim ut or Egyptarland; for dei vart ikkje standande i mi pakt, og so brydde eg meg ikkje um deim, segjer Herren.

10 For dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil gjeva loverne mine i hugen deira og skriva deim inn i hjarto deira, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk,

11 og dei skal ikkje læra kvar sin landsmann og kvar sin bror og segja: «Kjenn Herren!» for dei skal alle saman kjenna meg, frå den minste til den største av deim.

12 For eg vil vera nådig mot misgjerderne deira, og synderne deira vil eg ikkje lenger koma i hug.»

13 Med di han segjer: «ei ny», hev han dømt den fyrste som gamall; men det som vert gamalt og foraldra, er nær ved å kverva burt.

9. kapitlet

1 No hadde vel og den fyrste pakti sine fyreskrifter um gudstenesta og den jordiske heilagdomen.

2 For det vart laga eit tjeld, det fremste, og i det var både ljosestaken og bordet og skodebrødi; dette er kalla det heilage.

3 Og attanfor det andre forhenget var det tjeldet som er kalla det høgheilage,

4 det som hadde eit røykjelse-altar av gull og sambandskista, som var klædd heilt kringum med gull; og i henne var ei gullkrukka med manna og Arons stav, som hadde blømt, og sambandstavlorne,

5 og ovan yver henne herlegdoms kerubar, som skygde yver nådestolen; men um desse ting skal me ikkje no tala stykke for stykke.

6 Men då no dette er laga soleis, so gjeng prestarne alltid inn i det fremste tjeldet når dei gjer si tenesta.

7 Men i det andre gjeng berre øvstepresten inn ein gong um året, ikkje utan blod, som han ber fram for seg sjølv og for misferderne åt folket.

8 Dermed syner den Heilage Ande dette, at vegen til heilagdomen endå ikkje er openberra, so lenge det fremste tjeldet stend.

9 For dette er eit bilæte på den noverande tid, og i samhøve dermed vert både gåvor og slagtoffer framborne, som ikkje kann gjera den fullkomen etter samvitet, som tenar Gud,

10 men som berre er kjøtlege fyreskrifter, saman med mat og drykk og alle slag tvættingar, pålagde til dess tidi til rettarboti kom.

11 Men då Kristus kom som øvsteprest for det tilkomande gode, gjekk han gjenom det større og fullkomnare tjeldet, som ikkje er gjort med hender, det er: som ikkje er av denne skapning,

12 og ikkje med blod av bukkar eller kalvar, men med sitt eige blod, ein gong inn i heilagdomen og fann ei æveleg utløysing.

13 For dersom blodet av bukkar og uksar og oska av ei kviga, når det vert skvett ut yver dei ureine, helgar til reinleik på kjøtet,

14 kor mykje meir skal då blodet av Kristus, som ved ei æveleg ånd bar seg sjølv fram som eit ulastelegt offer for Gud, reinsa dykkar samvit frå daude gjerningar til å tena den livande Gud!

15 Og difor er han millommann for ei ny pakt, for at dei som er kalla, skal få den ævelege arven som var lova, dermed at ein døydde til utløysing frå misgjerningarne i den fyrste pakt.

16 For der det finst eit testament, der er det naudsynlegt, at dauden hans som hev gjort testamentet, vert stadfest.

17 For eit testament vert fyrst gjeldande etter dauden, og det hev aldri kraft so lenge han liver som gjorde testamentet.

18 Difor vart heller ikkje den fyrste pakt innvigd utan blod.

19 For då kvart bod etter lovi var forkynt av Moses for alt folket, so tok han blod av kalvar og bukkar, saman med vatn, og skarlakraud ull og isop, og skvette både på boki sjølv og på alt folket

20 og sagde: «Dette er blodet til den pakt som Gud hev gjeve bod um til dykk.»

21 Men ogso tjeldet og all reidskapen som høyrde til gudstenesta, skvette han like eins blodet på.

22 Og næstan alt vert etter lovi reinsa med blod, og utan at blods utrenning vert det ingi forlating.

23 So er det då naudsynlegt at avbilæti av dei himmelske ting vert reinsa med slikt, men dei himmelske ting sjølve med betre offer enn desse.

24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som var gjord med hender, eit avbilæte av den sanne, men inn i sjølve himmelen til å syna seg no for Guds åsyn for vår skuld,

25 og ikkje heller so, at han fleire gonger skulde ofra seg sjølv, liksom øvstepresten kvart år gjeng inn i heilagdomen med framandt blod,

26 for då hadde han ofte lote lida frå verdi vart grunnlagd; men no er han ein gong ved enden av tiderne openberra til å taka burt syndi ved sitt offer.

27 Og liksom det er so laga at menneski lyt døy EIN gong, og sidan kjem dom,

28 soleis er og Kristus ofra EIN gong for å taka burt synderne frå dei mange; og andre gongen skal han, utan synd, syna seg til frelsa for deim som ventar på honom.

10. kapitlet

1 For sidan lovi berre hev ein skugge av dei tilkomande gode ting, men ikkje sjølve bilætet av tingi, so kann ho aldri ved dei same årlege offer som dei stødt ber fram, gjera deim fullkomne som kjem fram med deim.

2 Elles hadde dei vel halde upp med å bera deim fram, då dei ofrande ikkje lenger vilde havt synder på samvitet når dei ein gong var reinsa.

3 Men ved deim kjem årlegårs minning um synder.

4 For det er umogelegt at blod av uksar og bukkar kann taka burt synder.

5 Difor segjer han, då han stig inn i verdi: «Offer og gåva vilde du ikkje hava, men ein likam laga du åt meg;

6 brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på.

7 Då sagde eg: «Sjå, eg kjem - i bokrullen er det skrive um meg - og vil gjera, Gud, din vilje.»»

8 Fyrst segjer han: «Offer og gåva og brennoffer og syndoffer vilde du ikkje hava, og du hadde ikkje hug på deim» - endå dei vert framborne etter lovi -;

9 so segjer han: «Sjå, eg kjem og vil gjera din vilje.» Han tek burt det fyrste, for at han kann setja inn det andre.

10 Med denne vilje er me helga ved ofringi av Jesu Kristi likam ein gong for alle.

11 Og kvar prest stend der og gjer dagstødt tenesta og ber fram mange gonger dei same offer, som aldri kann taka burt synder;

12 men han hev bore fram eit einaste offer for synder og hev so for alltid sett seg ved Guds høgre hand

13 og ventar sidan berre på at hans fiendar skal verta lagde til skammel for føterne hans.

14 For med eit einaste offer hev han for alltid gjort deim fullkomne som vert helga.

15 Men det vitnar og den Heilage Ande for oss; for etter han hev sagt:

16 «Dette er den pakti som eg vil gjera med deim etter dei dagarne,» so segjer Herren: «Eg vil gjeva loverne mine i hjarto deira, og skriva deim inn i hugen deira,

17 og synderne deira og misgjerderne deira vil eg ikkje lenger koma i hug.»

18 Men der det er forlating for deim, der trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

19 So hev me då, brør, i Jesu blod frimod til å ganga inn i heilagdomen,

20 som han hev vigt oss ein ny og livande veg til, gjenom forhenget, det er hans kjøt,

21 og me hev ein stor prest yver Guds hus.

22 Difor, lat oss stiga fram med eit sannferdelegt hjarta, med full vissa i trui, reinsa i hjarto frå eit vondt samvit og tvegne på likamen med reint vatn!

23 Lat oss halda uruggeleg fast på å vedkjennast voni, for han er trufast som gav lovnaden,

24 og lat oss agta på kvarandre, so me kveikjer kvarandre til kjærleik og gode gjerningar

25 og ikkje skil oss frå vår eigi samling som sume hev for skikk, men påminner kvarandre, og det so mykje meir som de ser kor det lid mot dagen.

26 For syndar me med vilje når me hev lært å kjenna sanningi, då er det ikkje att meir noko offer for synder,

27 men berre ei fælande gruv for dom og ein logande brennhug som skal eta upp dei motstridige.

28 Når nokon hev brote Mose lov, so døyr han utan miskunn etter ord av tvo eller tri vitne;

29 kor mykje verre refsing trur de då den skal verta kjend verd, som hev trødt Guds Son under føter og vanvyrdt paktblodet som han vart helga med, og svivyrdt nådens Ande!

30 For me kjenner honom som hev sagt: «Hemnen høyrer meg til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.» Og atter: «Herren skal døma sitt folk.»

31 Det er gruelegt å falla i henderne på den livande Gud.

32 Men kom i hug dei framfarne dagar, då de, etter de var upplyste, tolde mykjen strid i lidingar,

33 med di de snart sjølve ved hædingar og trengslor vart til ei bisn, snart var samlidande med deim som var so farne!

34 For de hadde og samhug med fangarne, og de bar det med gleda at dykkar gods vart rana, då de visste at de sjølve hadde ein betre og varande eigedom.

35 Kasta difor ikkje burt dykkar frimod, som hev stor løn!

36 For de treng til tolmod, so de kann nå lovnaden når de hev gjort Guds vilje.

37 For endå er det berre so stutt ei stund, so kjem han som koma skal, og han skal ikkje drygja.

38 «Men den rettferdige, ved tru skal han liva;» og: «Um nokon dreg seg undan, so hev mi sjæl ikkje hugnad i honom.»

39 Men me er ikkje av deim som dreg seg undan til fortaping, men av deim som trur til frelsa for sjæli.

11. kapitlet

1 Men tru er full vissa um det som ein vonar, yvertyding um ting som ein ikkje ser.

2 For på grunn av henne fekk dei gamle godt vitnemål.

3 Ved tru skynar me at verdi er fullførd ved Guds ord, so det som vert set, ikkje vart til av det synlege.

4 Ved tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain; ved henne fekk han det vitnemål at han var rettferdig, med di Gud vitna um gåvorne hans, og ved henne talar han enno, etter han er daud.

5 Ved tru vart Enok burtrykt, so han ikkje skulde sjå dauden, «og han vart ikkje funnen, av di Gud hadde rykt honom burt.» For fyrr han vart burtrykt, fekk han det vitnemål at han tektest Gud;

6 men utan tru er det umogelegt å tekkjast Gud; for den som vil koma til Gud, må tru at han er til, og at han løner deim som søkjer honom.

7 Ved tru var det Noah, då Gud varsla honom um det som ein ikkje såg endå, med heilag otte bygde ei ark til frelsa for sitt hus; ved henne fordømde han verdi og vart erving til den rettferd som er av tru.

8 Ved tru var Abraham lydug då han vart kalla, so han gjekk til den staden han skulde få til arv; og han tok ut, endå han ikkje visste kvar han skulde koma.

9 Ved tru busette han seg som utlending i det landet som var honom lova, liksom i eit framandt land, og budde i tjeld saman med Isak og Jakob, som var medervingar til den same lovnaden;

10 for han venta på byen med dei faste grunnvollarne, som Gud er byggmeister og skapar til.

11 Ved tru fekk og Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, og det trass i alderen sin, for ho heldt honom for trufast som hadde lova det.

12 Difor vart det og av ein, og det ein utlivd, avla so mange som stjernorne på himmelen og som sanden på havsens strand, som ingen kann telja.

13 I tru døydde alle desse, utan dei hadde nått det som var lova; men dei såg det langt burte, og helsa det og sanna at dei var framande og utlendingar på jordi.

14 For dei som segjer slikt, dei syner at dei søkjer eit fedreland.

15 Og dersom dei hadde tenkt på det som dei kom ifrå, so hadde dei havt tid til å fara dit att;

16 men no stundar dei etter eit betre, det er eit himmelsk; difor skjemmest ikkje Gud ved deim, ved å kallast deira Gud; for han hev bygt ein by ferdig åt deim.

17 Ved tru ofra Abraham Isak, då han vart freista, ja, sin einborne ofra han som hadde fenge lovnaderne,

18 han som det var sagt til: «Etter Isak skal ætti di heita.»

19 For han tenkte at Gud var megtig endå til å vekkja upp ifrå dei daude, og han fekk honom liksom att derifrå.

20 Ved tru velsigna Isak Jakob og Esau med syn på det som skulde koma.

21 Ved tru velsigna Jakob døyande kvar ein av Josefs søner og tilbad, bøygd yver knappen på staven sin.

22 Ved tru tala Josef på sitt siste um at Israels born skulde ganga ut, og gav påbod um beini sine.

23 Ved tru vart Moses, då han var fødd, gøymd av foreldri sine i tri månader, av di dei såg at det var so vænt eit barn, og dei var ikkje rædde for kongens bod.

24 Ved tru vilde Moses, då han vart stor, ikkje kallast dotterson til Farao,

25 og valde heller å lida vondt saman med Guds folk, enn å hava ei stuttvarug njoting av syndi,

26 då han heldt Kristi vanære for større rikdom enn Egyptarlands skattar; for han såg fram til løni.

27 Ved tru forlet han Egyptarland, urædd for kongens vreide; for han heldt ut som um han såg den usynlege.

28 Ved tru heldt han påsken med utrenning av blodet, so tynaren ikkje skulde røra deira fyrstefødde.

29 Ved tru gjekk dei gjenom Raudehavet liksom yver turt land; men då egyptarane freista på det same, drukna dei.

30 Ved tru fall Jerikos murar, då dei hadde gjenge kring deim i sju dagar.

31 Ved tru slapp skjøkja Rahab å ganga under med dei vantruande, då ho hadde teke imot spæjarane med fred.

32 Og kvi talar eg meir? Tidi vilde verta meg for stutt, um eg skulde fortelja um Gideon og Barak og Samson og Jefta, um David og Samuel og profetarne,

33 som ved tru sigra yver kongerike, heldt uppe rettferd, vann lovnader, tepte gapet på løvor,

34 sløkte elds magt, slapp undan sverds egg, vart sterke att etter sjukdom, vart velduge i strid, fekk fiendeherar til å vika.

35 Kvinnor fekk sine daude att med di dei stod upp; andre vart utspana til pinsla med di dei ikkje vilde taka imot utløysing, so dei kunde vinna ei herlegare uppstoda;

36 andre fekk røyna spotting og hudflengjing, ja endå til band og fengsel.

37 Dei vart steina, gjenomsaga, freista, dei vart drepne med sverd, dei flakka ikring i sauskinn og geitskinn, leid naud og trengsla og hard medferd -

38 dei som verdi ikkje var verd, drivande um i øydemarker og fjell og holor og jordklufter.

39 Og endå alle desse fekk vitnemål for si tru, nådde dei ikkje lovnaden,

40 etter di Gud fyreåt hadde set ut noko betre for oss, so dei ikkje skulde verta fullkomne utan oss.

12. kapitlet

1 So lat no og oss, då me hev so stor ei sky av vitne ikring oss, leggja av alt som tyngjer, og syndi som heng so fast ved oss, og med tolmod renna i den kappstrid som er oss fyresett,

2 med di me ser på upphavsmannen og fullendaren til trui, Jesus, han som for den gleda som var honom fyresett, bar krossen med tol, utan å vyrda skjemsla, og no sit på høgre sida åt Guds kongsstol.

3 Ja, tenk på honom som tolde slik motsegn av syndarar imot seg, so de ikkje skal trøytna og verta modlause i hugen!

4 Endå hev de ikkje gjort motstand til blods i striden mot syndi,

5 og de hev gløymt den påminning som talar til dykk som born: «Min son, vanmæt ikkje Herrens tukt, og vanmodast ikkje når han refser deg!

6 for den Herren elskar, den tuktar han, og han hudflengjer kvar son som han tek seg av.»

7 Det er for tukti skuld at de toler lidingar; Gud fer med dykk som med søner. For kven er den son som faren ikkje tuktar?

8 Men er de utan tukt, som alle hev fenge sin lut i, då er de lausingar og ikkje søner.

9 Dessutan: våre feder etter kjøtet hadde me til tuktarar og hadde age for deim; skal me då ikkje mykje meir vera faderen til ånderne undergjevne og få liva?

10 For hine tukta oss nokre få dagar etter sitt tykkje, men han tuktar til vårt gagn, for at me skal verta luthavande i hans heilagskap.

11 Men all tukt synest vel, medan ho stend på, ikkje å vera til gleda, men til sorg; men sidan gjev ho deim som derved er upptamde, ei fred-rik frukt som er rettferd.

12 Difor, rett dei hangande hender og dei veike kne!

13 Og gjer rette farvegar for føterne dykkar, so det halte ikkje skal skeiva ut, men heller vert lækt!

14 Trå etter fred med alle og etter helging! for utan henne skal ingen sjå Herren.

15 Og sjå til at ingen dreg seg undan frå Guds nåde, at ingi beisk rot skal renna upp og gjera mein, og mange verta smitta ved henne:

16 at ingen må vera ein horkar eller ein vanheilag liksom Esau, som for ein einaste rett mat selde odelsretten sin.

17 For de veit, at han og sidan, då han vilde erva velsigningi, vart burtvist - for han fann ikkje rom for bot - endå han søkte henne med tåror.

18 For de er ikkje komne til eit fjell som ein kann taka på, og til brennande eld og til skydimma og myrker og uver

19 og til ljom av lur og til ljod av ord, som dei høyrande bad seg undan, at det ikkje måtte verta tala meir til deim;

20 for dei kunde ikkje bera det ordet som baud: «Um det so berre er eit dyr som kjem innåt fjellet, skal det steinast.»

21 Og so gruveleg var syni, at Moses sagde: «Eg er forfærd og skjelvande rædd.»

22 Men de er komne til Sions fjell og den livande Guds by, til det himmelske Jerusalem og til dei mange tusund englar,

23 til høgtidstemna og lyden av dei fyrstefødde, som er uppskrivne i himmelen, og til domaren som er Gud for alle, og til ånderne av dei fullenda rettferdige,

24 og til millommannen for ei ny pakt, Jesus, og til skvettings-blodet, som talar betre enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser ifrå dykk honom som talar! For når hine ikkje slapp undan, som viste ifrå seg honom som tala på jordi, kor mykje mindre skal me då sleppa undan, um me vender oss ifrå honom som talar frå himmelen!

26 Hans røyst riste den gong jordi; men no hev han lova og sagt: «Endå ein gong rister eg ikkje berre jordi, men himmelen med.»

27 Men dette: «Endå ein gong» syner, at dei ting som vert riste, skal umskiftast, då det er skapte ting, so dei som ikkje vert riste, skal vara ved.

28 Lat difor oss som fær eit uruggelegt rike, vera takksame og dermed tena Gud til hans hugnad med blygd og otte!

29 For vår Gud er ein øydande eld.

13. kapitlet

1 Lat broderkjærleiken vara ved!

2 Gløym ikkje gjestmilda! for ved den hev nokre havt englar til gjester, utan dei visste det.

3 Kom i hug deim som er fangar, som var de deira medfangar, deim som lid vondt, sidan de og sjølve er i likamen!

4 Egteskapet vere i agt og æra hjå alle, og egtesengi usmitta! for lauslivande og horkarar skal Gud døma.

5 Lat dykkar ferd vera utan pengehug, og ver nøgde med det de hev! for han hev sagt: «Eg skal so visst ikkje sleppa deg og ikkje slå handi av deg,»

6 so me hugheilt kann segja: «Herren er min hjelpar, eg vil ikkje ottast; kva kann eit menneskje gjera meg?»

7 Kom i hug dykkar forstandarar som hev tala Guds ord til dykk! sjå utgangen på deira ferd, og fylg so etter deira tru!

8 Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til æveleg tid.

9 Lat dykk ikkje føra vilt av mangfaldige og framande lærdomar! for det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, som ikkje hev gagna deim som for dermed.

10 Me hev eit altar som dei ikkje hev lov til å eta av, som tener ved tjeldet.

11 For dei dyr som blodet vert teke av og bore til soning for synd inn i heilagdomen ved øvstepresten, deira kroppar vert uppbrende utanfor lægret.

12 Difor leid og Jesus utanfor porten, so han ved sitt eige blod kunde helga folket.

13 Lat oss då ganga ut til honom utanfor lægret, so me ber hans vanæra!

14 For me hev ikkje her ein varande by, men søkjer den komande.

15 Lat oss då ved honom alltid bera fram til Gud lovoffer, det er: frukt av lippor som lovar hans namn!

16 Men gløym ikkje å gjera godt og gjeva andre med dykk! for slike offer hev Gud hugnad i.

17 Fylg dykkar forstandarar og lyd deim! for dei vaker yver sjælerne dykkar som dei som skal gjera rekneskap, so dei kann gjera det med gleda og ikkje sukkande, for det er dykk ikkje til gagn.

18 Bed for oss! for me trur at me hev eit godt samvit, og me vil gjerne fara rett åt i alle måtar.

19 Og eg bed dykk so mykje meir um å gjera dette, so eg snarare kann verta gjeven dykk att.

20 Men fredsens Gud, han som i kraft av æveleg pakts blod førde den store hyrding for sauerne, vår Herre Jesus, upp frå dei daude,

21 han gjere dykk full-dugande i all god gjerning, so de gjer hans vilje, med di han verkar i dykk det som er til hugnad for honom, ved Jesus Kristus! Honom vere æra i all æva! Amen.

22 Eg bed dykk, brør, tak dette påminningsordet vel upp, for eg hev skrive stutt til dykk.

23 Vit, at bror vår Timoteus er gjeven fri; saman med honom vil eg sjå dykk, um han kjem snart.

24 Helsa alle dykkar forstandarar og alle dei heilage! Dei frå Italia helsar dykk.

25 NÃ¥den vere med dykk alle!

Opphavsrett: StudentmÃ¥llaget i Oslo © 1921 - 2024